Sogn Vekst as tilbyr arbeid til deltakarar frå kommunar og andre instansar; som til dømes vidaregåande skule, private føretak etc. Me tilbyr kjøp av varige tilrettelagte arbeidsplassar etter fastsett sats. Me tilbyr også hospitering/ arbeidstrening etter eigen dagsats. Arbeidstakarar ved desse tiltaksplassane har behov for individuelt tilpassa arbeidsoppgåver, og har ikkje som hovudmål å komma ut i det ordinære arbeidsliv. Våre arbeidstakarar skal alltid ha meiningsfulle arbeidsoppgåver, og dei skal vera arbeidsretta. Ein skal oppleve meistring, og vera kreativ og skapande hjå oss. Grunnbemanning er 1:5, og arbeidet foregår som regel ute i produksjonslinjene på avdelingane våre.
Dersom du har behov for større grad av oppfølging og tilrettelegging, kan kanskje arbeidssenteret vere noko for deg. Dette er eit nyetablert tilbod for personar som har behov for eit meir skjerma miljø av ulike orsakar. Arbeidet her skjer under samarbeid mellom arbeidstakar, tilretteleggar og eventuell føljepersonell.
For meir informasjon om arbeidssenteret, sjå under "avdelingar".
Dersom du har spørsmål, eller du allereie tenker at dette er høveleg for dykk
Ta kontakt Anne Sofie Huset Sørhage på mobil 90998355 eller
e-post: anne.sofie@indresognasvo.no
Designer : RAMIA SABBAGH
Redigert/oppdatert av : VERONICA ØYRE