ATTFØRING

FOR

ARBEIDSSØKARAR

Vårt hovudmål er å hjelpa menneske ut i arbeid. Dette gjer me enten gjennom formidling ut til ordinært næringsliv, eller ved tilsetjing hjå oss i våre eigne produksjonslinjer. Dette gjer vi gjennom grundig individuell kartlegging og tilrettelegging, der me tek omsyn til behov, ønsker og interesser.

AFT - Arbeidsførebuande trening



Målet med AFT tiltaket er å kartlegge deltakarane si arbeidsevne og styrke kvar enkelt sin moglegheit til å kome i arbeid. Målet er ordinært arbeid eller utdanning.

Målgruppa for AFT er personar med nedsett arbeidsevne og usikre yrkesmessige forutsetningar, og som i ein periode har behov for tett oppfølging og tilrettelegging med sikte på å kome i ordinært arbeid eller utdanning.

Indre Sogn ASVO as har til ein kvar tid 5 deltakarar i AFT - tiltaket.



AFT- tiltaket tilbyr:



  •  Avklaring og kartlegging
  •  Karriererettleiing og opplæring i karriereferdighetar og basisferdighetar.
  •  Tilrettelagt opplæring med sikte på å oppnå reell og formell kompetanse.
  •  Arbeidstrening i eit tilrettelagt og skjerma arbeidsmiljø
  •  Tilrettelagt arbeidstrening og oppfølging i ordinært arbeidsliv.


Tiltaket har ei tidsramme på inntil eit år. Ved enkelte høve kan dette forlengast. Det er NAV lokalt som søker deltakarar inn til tiltaket. Ta kontakt med din NAV rettleiar dersom du tenker at dette kan vere noko for deg.

VTA - Varig tilrettelagt arbeid




Sogn Vekst as har Varig Tilrettelagt Arbeid til menneske som mottek uførepensjon, eller som i nær framtid ventast å få innvilga uføretrygd. Deltakar i VTA er personar som både kan og ønskjer å arbeide, men som for tida ikkje kan delta i det ordinære arbeidsliv. Tiltaket er, som namnet tilseier, ikkje tidsavgrensa. Arbeidstakar bør som hovudregel kunne arbeida minst tilsvarande 50% stilling. Omfanget av tiltaket er individuelt tilpassa den enkelte arbeidstakar.

Arbeidstakaren er tilsett hjå Sogn Vekst as, og tiltaket er regulert av arbeidsmiljølova. Arbeidstakarane mottek bonuslønn etter arbeidsavtalen. Tiltaksdeltakar arbeider med produksjon av varer og tenester på våre avdelingar. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa den enkelte si yteevne. Arbeidet skal bidra til å utvikle ressursar hos arbeidstakarane gjennom kvalifisering og tilrettelagte arbeidsoppgåver.


Sogn Vekst as kan også gjere avtale med ordinære bedrifter om at våre arbeidstakarar kan utføre arbeidsoppgåver hjå dei.

Sogn Vekst as har 18 plassar for Varig Tilrettelagt Arbeid. 17 av desse er reservert til Årdal kommune, og 1 til Lærdal kommune. Det er NAV som tilviser personar til tiltaket. Ta kontakt med din NAV-rettleiar dersom du tenker at dette er noko for deg.